Du finn oss på instagram: @barmenbrekke
Barmen & Brekke er eit samarbeid mellom Per Tore Barmen og Siri Brekke tufta på ei felles interesse for handverk, material og tradisjonelle teknikkar. Barmen er utdanna med sveinebrev i treskjæring og som ingeniør i 3D modellering. Han har vore utøvande i yrka i over 20 år. Brekke har bakgrunn i folkekultur- og produktdesignstudier og har eit hovudfag i keramikk frå Kunsthøgskulen i Bergen i 2005. Ho har vore verksam som kunstnar i Bergen, og stilt ut i inn- og utland i over 10 år. Barmen & Brekke byrja å jobbe saman i 2015, og sel sine arbeid blant anna på KODE, kunstmuseene i Bergen, Nasjonalmuseets butikk i Nasjonalgalleriet, Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum i Trondheim og Metropolitan Museum of Art i New York. Dei har og vil vere del av fylgjande utstillingar:
2019: Stord Kunstlag
2018: UNiK, Galleri Format, Oslo
2018: TENDENS Interiør- og designmesse, Bergen
2017: Nils Aass Kunstverksted, Inderøy
2017: Bømlo Kunstlag
2017: Multiply. KRAFT- Rom for kunsthåndverk. Bergen
2017: Everything is connected- Norwegian contemporary crafts and design.
Milan Design Week
2017: Multiply. Hå Gamle Prestegård/Møbelgalleriet Stavanger.
2017: Structure – Norwegian contemporary crafts and design.
Felleshus. Nordische Botschaften. Berlin
2016: Norway Designs, NÅ Vol.3 «SEKSTEN»
2016: Norske Kunsthåndverkere. Oslo Design Fair
2016: Structure – Norwegian contemporary crafts and design, Oslo Design Fair
2016 : Structure – Norwegian contemporary crafts and design, Milan Design Week
2015 : Norway Designs, NÅ Vol.2 «SKALA»
Per Tore Barmen
Norsk kunsthandverkskule. Sveinebrev i treskjærarfaget, 2004
Bergen Ingeniørhøgskule, 1994
www.ptbarmen.no
@ptbarmen
Siri Brekke
Kunsthøgskulen i Bergen. Hovudfag i keramikk. 2005
Høgskolen i Akershus. Formgivning og produktdesign 1998
Høgskulen i Telemark. Folkekulturstudier. 1996
www.siribrekke.com
© Copyright Barmen & Brekke BONO.
Verka på denne nettstaden er beskytta etter Lov om Opphavsrett.